Vi har mottatt en mail fra Mette Ulvestad som er prøveleder. Der skriver hun blant annet: Integrert i prøva laurdag er lagkonkurransen m/vandrepokal – kvart NVK-distrikt kan stille lag (1 UK hund + 2 AK hundar) andre raser stiller distrikts- eller raselag. Laurdag blir det, etter prøveslutt, arrangert: Den prestisjetunge elitekonkurransen der beste vorstehhund (AK) frå kvart distrikt stiller + beste hund frå dei andre rasane (samla resultat frå laurdagens prøve er kvalifisering). Det blir konkurrert i to ukjente greiner. Anna praktisk informasjon Vi har open kiosk under heile prøva der du kan kjøpe drikke, vaflar og diverse rekvisita - husk vi har ikkje betalingsterminal. Overnatting – i telt, lavo, campingvogn på enkel campingplass 5 min frå oppropet på Tingplassen. Det er stort innegjerda område der du kan lufte hunden laus. Vi har og tilbod om overnatting i DNT hytte ved Malungen Gjestegård – her er det plass til 7 – 10 stk på hems/stue. NB! For dei som vil kome tidleg fredag vil bommen vere open, men den vil stå over vegen. Det er då berre å kjøre ned og bort til campinga og sett bommen over vegen igjen. Bommen vil stå open frå ca. 17.00 på fredag. Husk å ta med sauebevis – andre papir treng du ikkje ta med. All hundemøkk skal bort så ta med pose. Stor premieutdeling og fellesgrilling (ta med eigen mat og drikke) om kvelden. Ekstra flotte premiar i år ! Vi har i år ei ekstra stort premiebord og kan skilte med flott jaktdress frå Vildmark til prøvens beste AK hund og prøvens beste UK hund. Dette blir i tillegg til NVK apportkrus og div fôrsekker frå Hills og enda litt til som du får sjå under premieutdelinga. Ønsker du meir informasjon er det berre å ta kontakt med prøveleder; Mette Ulvestad på e-post: mette.ulvestad@tine.no eller mob: 91148310 – send gjerne sms om du ikkje får svar Påmelding til: NVK-Hedmark v/Mette Ulvestad, Oppstad, 2100 Skarnes (mette.ulvestad@tine.no). Konto nr. 181312 15 580 – pris pr. start er kr. 300 + ev. kr. 150 i viltavgift (rype + måke). Vi ber om at både prøveavgift, evnt. viltavgift + evnt. camping (telt/lavo kr. 75, campingvogn kr. 150 for helga) blir betalt inn ved påmelding til prøva. Oppgi gjerne e-postadresse ved påmelding – stadfesting på plass blir no berre gitt via vår nettside For å lese mer om prøven kan du gå inn på www.vorsteh.no - Hedmar